Eg har no vore i Sogndal sidan august 2000. Då dukka eg uventa opp hos direktør Mauritzen på Vestlandsforsking til jobbintervju for traineestilling. Ordninga var eit program i NHO SFj-regi, som skulle rekrutere til fylket med hovudvekt på å få kvinnene attende etter studier. Vi var sjølvsagt klart flest gutar som ville attende.
Eit godt halvår hausten 2001 og våren 2002 var på HiSF som høgskulelektor. Etter det har eg vore forskar med fokus på informasjonsteknologi, organisasjonar og næringsliv.
Sjå dei offisielle sidene til Vestlandforsking for alvorlege tema. Eller temasider som VRI SFj og IT-forum for prosjekt eg jobbar mykje med.
Strategiarbeid
Bedrifter og oppdragsfinansierte stiftingar som vi er må prioritere å vere framtidsretta. I vellukka strategar er gode visjonar, målsettingar, samlande slagord og merkevarebygging sentralt. Det første biletet under var eit forslag som ikkje slo heilt ann for nokre år sidan. Djup kunnskap- og ved verdens lengste isfrie fjord, Sognefjorden. Lettfatteleg, konkret, humoristisk og litt rett, så dette var på ingen måte mitt påfunn. Og no er vi midt i ein ny strategiprosess. Det er nesten fristande å relansere visjonen.
På jobb nyt vi utsikta over Sogndal
Medan vi drikk kaffi, sjølvsagt!
Dette er frå før Campussatsinga med grusveg opp der bilane står parkert
Men når kaffien enno ikkje er klar…
Då har vi eigne kontor å vente på.
Legg merke til sentral plassering av kaffikoppen (og kaffitermosen gøymt bak døra).
Merk at alle bileta er nokre år gamle.