Tidleg somarhelsing 2023

«Det går framleis jamnt bra» konstaterer eg frå toppetasjen i hjørnet på B-blokka Ulvahaugen 10.

På Vestlandsforsking er det utvikling med nye unge kollegaer og heldigvis mykje å gjere. Campus Sogndal er ein fin arbeidsplass. Miljøet veks og bygda er i vekst. Det står ikkje gale til når dei heftige diskusjonane her går på kvar nye skular, barnehagar og idrettshallar skal ligge, og utfordringar knytt til at høgskulen vil bli universitet.

Privat fekk eg i år og attval som styreleiar i Saftkokaradn og i lokallaget Tekna Sogn og Fjordane.
I supporterklubben Saftkokaradn, som har 100+ betalande medlemar, gledar eg meg over at vi har god utvikling, med nye aktive unge krefter, godt tribuneliv og gode sportslege opplevingar. Vi nyt no å sjå herrane på tabelltoppen i Obos med fin fotball og unge talent på bana, og å sjå at jentene i år og er dei unge lovande som gjer det skapeleg i 2.divisjonsavdelinga med sin snittalder på ca 17. Eg tykkjer det er kjekt at lokallaget til Tekna SFj veks stadig og nærmar seg 650.

Eg har fått vel eit år no som styremedlem i Sogndal Fotball. Det er spennande og engasjerande det og. Det har vore utfordrande, men eg meiner vi har fått til utvikling og har teke tak. Samanhengen mellom sportslege resultat og økonomi er som kjent sterk i fotballen. Spelarsal og vidaresal, sponsormarknad og tv-inntekter betyr økonomisk mest, men aktive tribuner og godt spel påverkar dei tre faktorane vesentleg. Norsk fotball er i vekst og lokalfotballen hadde ein fin 16.mai med gledeleg mykje folk. Kjekt med over 1000 på tribunene både i Årdal og Førde i tillegg til at vi fekk ei god oppleving på Fosshaugane. Det gjer godt å endeleg får kjenne på optimisme rundt laget i bygda att!

Den fysiske formen er eg ikkje nøgd med. Den var bra nok til at eg spelte ein heil treningskamp, som stasjonært oppspelspunkt og litt som keeper. Hyen har mange unge og dei får halde på i 6.divisjon utan meg fram til somarpausen. Når ungdome reiser på sine studier eller anna i haust so får heller ein naudreserve melde seg til teneste om det behøvst.

Sigersopplevingane i fjor på supportertur med landslaget til Serbia og Sverige gav veldig meirsmak. Det blir tur til Kypros og Skottland i år. Det får våge seg med flyreisene.

Somarplanen er ellers kortreiste turar i Sogn pluss fiskeferie med familie, ein tur til stormøte i Tekna i Tromsø og ein udefinert blåtur med nokre bekjente. Ein konsert eller to bør det og bli.

God somar!

Reklame
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Somarhelsing 2022

Det går jamnt bra utan store hendingar verken jobbmessig eller sosialt.

Eg er framleis seniorforskar ved Vestlandsforsking med spennande prosjekt og nokon nye publikasjonar, aktiv i Saftkokaradn og lokallaget til Tekna (fekk fornya tillit som styreleiar begge stader i vår). Det nye er at eg no og er blitt styremedlem i Sogndal Fotball. Helsa er ok og eg fekk smake på somarvarme og ferie på vellukka supportertur for landslaget til Serbia og Sverige i Pinsa. Ellers er det stort sett kortreist ferie. Unntaket er ein konferanse i Lisboa 19.-21. der eg bidreg med eit eit innlegg. Vi får tru også dei flyreisene går greit og at temperaturane der kjem under 30 (40 no, seiast det).

Nytt av året er det og at Saftkokaradn er offisiell supporterklubb for Sogndal Fotball Damer. Vi har gjennomført ganske god support for dei både på heime og bortebane. Og sjølvsagt har vi stilt sterkt for herrane på nokre av kampane. Som vanleg veldig sterkt på bortefeltet til Brann. Alt om dette les du på http://www.saftkokaradn.no

Snøen smelta seint i år, men no er turskoa i bruk (Her frå årets tur i frodige Mørkridsdalen). So smått har eg fått tatt i bruk fotballskoa på trening med Hyen og. Travelt, men moro.

Festivalar og konsertar har det blitt og blir det og no etter covid.

God somar!

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Jule og nyttårshelsing 2021

Det har vore nok eit år utanom det vanlege. På mange måtar. Sjølvsagt har covid prega både jobb og privatliv. Men eg og min nærmaste familie har vore heldige. Både foreldre og mine to brør har det bra, og det var kjekt at vi fekk feire jul saman, etter gamalt. Privat er status uendra. Eg trivast ganske godt her på Ulvahaugen i blokk-leiligheita mi med utsikt og kort veg til alt.

Vestlandsforsking som arbeidsplass er ein god stad å vere. Sjølv om det ofte vart via heimekontor med videomøter. Kollegiet der er eg stolt over å vere del av. Eg har hatt nok å gjere og dei faglege og akademiske utfordringane er mange og gjevande. Eit sosialt fellesskap har vi og evna å halde ved like.

Som del av Saftkokaradn, med litt ekstra ansvar som styreleiar, fekk eg oppleve meir enn eg ønska i år. Det vart og ein del medie-merksemd. Dagsrevyen, Vestlandsrevyen, lokalradio og aviser. Til og med Dagbladet ringde. Noko eg sjølv ikkje er alt for komfortabel med. Men det gjekk på eit vis. Heldigvis har eg med meg flinke vener i styret. Oppsummeringa frå styret finn du her. Fotballklubben vi støttar har hatt eit turbulent år. Og norsk fotball skulle droppa å prøve seg på kvalifisering til Qatar. Men no ser vi framover. Saftkokaradn er 20-årsjubilant no i 2021, men feiringa vi planla i desember tek vi att til våren når vi får samla folk tettare att. Vi fekk uansett oppleve ein del i lag i 2021 trass alt dette.

Som del av Tekna Sogn og Fjordane, også der med litt ekstra ansvar som styreleiar, fekk eg derimot berre positive opplevingar i 2021. Høgdepunktet for det gode og mangfaldige styret var at vi fekk støtte opp om realisering av ei realfagssatsing med installasjonar på det nye vitensenteret ViteMeir. Og rett før jul fekk vi vite at vi lukkast med ny søknad for 2022. No tredoblar vi støtta til nye faginstallasjonar. Hurra!

For ein senior på fotball-laget til Hyen vart 2021 også ein opptur, til tross for at sesongen vart kort og hektisk. Og formen min før første kamp omlag var som det samla elitelaget eg heiar på. Det er ikkje sjølvsagt at eg får vere med på slikt lenger og det var ein del veldig fine opplevingar på både heime- og bortebane i år. Avslutninga med flaumlys-kamp på Eid, der vi kjempa om å komme til kvalifisering om opprykk, vart legendarisk då ein supporterbuss faktisk tok turen frå Hyen

Både i Sogndal og i Hyen fekk eg nyte naturopplevingar i 2021 i både somar og vinter-format. Det vart meir kortreist ferie med fjellturar enn normalt. Det vart hjortejakt som vanleg. Og ein laksefiske-tur eller to med søskenborn vart det og. No-fish-Larsen slo til att i år, men pytt. Opplevinga var ubetaleleg.

No får 2022 berre kome. Eg trur eg eg klar!

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppdatering hausten 2021

Hei igjen.

No etter pandemien kan eg oppsummere oktoberstatus med at det står greitt til og ikkje så mykje har endra seg reelt her i livet. Vestlandsforsking har greidd seg bra og eg har mykje å gjere. Privat har det også vore omtrent berre kortreist fritidsaktivitet til no. Det har blitt ein del fleire fjellturar lokalt både i fjor vinter og i somar enn før. Lokallagsfotballen tok til seint og Hyen i 6.div avd 3 spelar siste av sju kampar i morgon. Då har eg fått gleden av å vere med på fem kampar i ein god og brei stall. Det er kjekt. Laget eg heiar mest på, Sogndal, er enno med i opprykkstriden i OBOS, men eg hadde litt høgare forventningar til direkte opprykk i år. Velvel. Det er åtte seriekampar att før kvalifiseringsleikane tek til. Vi får sjå.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Sommaroppdatering 2020

Eg er nett so smått i gong med ferien. I år blir det kortreist ferie i eige fylke.

Fotballsesongen 2020 er heldigvis i gang også i Obos. Og det med ein særs god start for Sogndal. Sist veke tok eg på meg leiarvervet i supporterklubben.

Vi i Saftkokaradn, nr 12 i troppen, skal og levere vårt bidrag til gode resultat. Eg takkar årsmøtet, med godt oppmøte både digitalt og fysisk, for tillit og for at eg får meg med eit mangfaldig, erfarent og engasjert styre med Tonje Norheim Tangerud (nestleiar), Therese Flæte Blomberg, Bente Mossige Ask, Sindre T. Myrvang, Joakim Lærum og Kim Andre Molland.

Og takk til Vidar Vadseth som etter mange år som talsmann, leiar og medlem har takka av frå vårt styre. Men sjølvsagt er han framleis synleg og engasjert supportar og nasjonal supportarleiar. SNP!

Tidlegare i år tok eg på med leiarvervet i Tekna Sogn og Fjordane avdeling. Også der er eg glad for å ha med meg eit sterkt og mangfaldig lag i Jannicke Holmseth Bukve (nestleiar), Lars Laache, Beate Kvalsund, Merete Nerland, Gaute Roska. Vi skal arrangere to kurs til i år og jobbar for å få arrangere ein konferanse i haust.

Som før er eg sekretær for foreninga IT-Forum Vest. Også her skjer det mykje knytt til breiband, IT-studie, Velferdsteknologi, Oppvekst og utdanning, konferansar og satsingar ellers.

No-fish-Larsen har allereie brote ein liten barriere dei seinare åra. Det hende rett nok i fjor og, men eg fekk fisk på første forsøk i år på gamle trakter i Hyen ei langhelg. Og ellers har eg vore på båttur i Sognefjorden og på små fjellturar i området med venner. Tilråast! Dokumentasjon finn du under her:

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Påskeoppdatering 2020

DSC_0345

Det er heimekontor-tid i mitt flotte nye krypinn i toppetasjen på Ulvahaugen 10 på grunn av koronavirus-pandemien. Vi på Vestlandsforsking har heldigvis framleis bra med oppdrag å jobbe på enno, vi har mange tilgjengelege video-og møteverktøy og vi har andre digitale jobb-system tilgjengeleg via VPN. Og vi opprettheld eit godt arbeidsmiljø med små digitale morgonmøte.

Nye arbeidsformer og digitalisering har vi lenge jobba for på Vestlandsforsking med tanke på bærekraft og miljø, og på prosjektsatsingar over tid som IT-forum Vest  og Teknoløft Sogn og Fjordane. No er det ikkje lenger eit val for mange som framleis er i arbeid. Men det er trist med so mange permitterte.  Og det er krise med pandemien i verden generelt.

Nytt personleg er det at eg tok på meg leiarvervet i Tekna Sogn og Fjordane avdeling i år. Aktiviteten der vert nok og råka, men digitale konferansar og kurs må vi vel få til.

Før pandemien rakk eg også i januar å delta på studietur til BETT2020 saman med andre i arbeidsgruppa IT-forum Vest Oppvekst og Utdanning. https://www.minskole.no/nped/seksjon/3410

Eg hadde og førebudd eit nytt år som aktiv supporter og saftkokar for Sogndal Fotball. Det er sett på vent. Det same gjeld innsatsen som spelar på Hyen i 6.divisjon. (Fjordåret var forresten god. Eg er kanskje eldstemann som har skora for Hyen. Og vi vart nr 2 i Eikefjordturneringa 2019.)

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Sommar 2019

Sogndal er framleis adressa, men eg har flytta til ny toppleilegheit på Ulvahaugen 10 og stortrivast so langt der. (Framsida av nærmaste blokka nede til ventstre på biletet under)

Sogndal

På Vestlandsforsking har det og gått bra med radikal omstilling. Ny leiing og adminitstrasjon på plass. Sjølv jobbar eg mest med delprosjektleiing i Teknoløft Sogn og Fjordane og IT-forum og rett før ferien gjorde eg ferdig ein praktisk retta rapport om strategisk leiarskap av innovative nettverk bygd på arbeid i eit internasjonalt prosjekt.

Sommarferien vert i praksis kortreist i år. Mest Sogndal og Hyen. Kvifor reise sørover i varmen?

Straumsholmen i Hyen

Som fotballsupporter i Sogndal er det og radikale omstillingar og tøffe tider no når sesongen er halvspela.  Laget presterar ujamnt, men vi kan enno rykke opp via kvalifisering til Eliteserien i haust, om alt klaffar.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Våren 2019- ei kort oppdatering

Kvifor så lite nytt i 2018?

Eg har dei sist par åra nytta kanalar som facebook, instagram og snapchat dagleg og det blir lite bruk av twitter og denne bloggen, diverre.

Eg jobbar framleis som oppdragsforskar ved Vestlandsforsking. Eg har leia og jobba med spennande prosjekt og publisert ein del dei siste åra. Siste nytt i 2019 er difor at ein ekstern fagkomite no har funne meg kvalifisert til opprykk til forskar II innanfor området regional utvikling. Altså kan eg no kalle meg seniorforskar.  Bra det.

Her er min jobbprofil

PS: Eg har alt i fleire år vore medlem av seniorklubben til Sogndal fotball. Det er eg som berre nett har runda 45 ikkje like komfortabel med..

Privat er eg meir komfortabel med rolla som Supporterkoordinator for Sogndal og styremedlem i Saftkokaradn, og med laksefiske (sjølv om kallenamnet for tida er no-fish-larsen. Det er ambisjonen å endre i 2019). Eg leverte og nokre kampar som aktiv i 6.divisjon for laget Hyen i 2018. Det blir eit par i år og.

Tidlegare var eg også aktiv bloggar og synsar på Sogndalfotball.no med bakgrunn i at eg er aktiv supporter som ofte dreg på bortekampar og støttar laget. Dette går ikkje så godt saman med dialogrolla ein supporterkoordinator skal ha, så også denne bloggen har vore lagt på is eit par år.

I mai-juni 2019 blir det ei kortreist oppgradering av bupel. Eg flyttar frå 71 kvadrat toroms i 1.etasjen i Leitevegen 33 til ein ti kvadrat større toppleiligheit pluss terrasse på Ulvahaugen terasse, B-51. Det blir bra.

Hausten 2018 hadde ei mi siste teneste-veke i HV.  Ei aktiv øving. Artig  og at eg i januar 2019 held liv i planten eg fekk i 2001 (Jfr bilete av kontorutsikt med medbrakt kake).

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Sommarnytt 2017

Grunna aktiv bruka av sosiale kanalar som Facebook, Twitter, LinkedIn og Instagram har blogging hamna i bakleksa.

Vestlandsforsking har endeleg fått nye nettsider og sider på sosiale medier, og ikkje minst har gruppa eg er del av skifta namn frå IT-gruppa til Teknologi og Samfunn. Eg har eit ansvar for Regional utvikling.

Innhaldet på dei nye sidene er meir i samsvar med fagleg innhald i våre prosjekt. Det er lite programmering og teknikk no, sjølv om vi har slik kompetanse og. Oppdragsprosjekta handlar mykje meir om organisasjon, mennesker OG teknologi. Og leiing.

Noko av det spennande vi jobbar med har vi nyleg fortalt om på den årlege Fjordkonferansen, www.fjordkonferansen.no, der vi er medarrangør.
Eg deltok med bidrag i 2016 og basert på VRI Recin, Forskingsrådsprosjektet eg har vore delprosjektleiar for siste par åra, som nett er avslutta. I kapittel 19 er nettverk og effekten av deltaking for bedrifter hovudtema, med vekt på immatriell kapital.

I august i år kjem det ut ei bok der eg er medforfattar i fleire kapittel om erfaringar frå VRI2-prosjektet, om eit utval nettverk i Sogn og Fjordane og generelle vilkår for rurale nettverk. Tema er Innovasjonsøkosystem.

Privat er interessene uendra. Sogndal gjer det bra. Eg er kasserar i Saftkokaradn og Supporterkoordinator i Sogndal. Andre sunne interesser som fiske og amatøridrett er framleis moro.

 

 

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Status og interesser i 2015

Eg legg meg flat og innrømmer at denne bloggen har fått alt lite omtanke og nytt innhald. Dette skuldast i stor grad auka bruk av andre sosiale media.

Eg har rett nok vevlogga i 2015, men det er på nettsida til fotballklubben eg heiar på.

På Vestlandsforsking har eg som oppdragsforskar hatt det travelt, heldigvis. Mykje av mi tid går til å jobbe for to prosjekt som inngår i Forskingsrådet sitt regionale næringsuviklingsprogramm (VRI). Forskingsprosjektet «Regionale utfordringar og mulegheiter – Innovasjon og verdiskaping i forretningsnettverk – VRI 3» er eit spennande samarbeid med fleire forskingsmiljø. Vårt bidrag her bygger vidare på resultat og erfaringar vi gjorde i 2011-2013 med vår forsking på nettverk i Sogn og Fjordane, men no ser vi nøyare på maritime nettverk.

Samstundes er eg prosjektleiar for «Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane – VRI 2014 – 2016». Her får eg leia og delta aktivt i ei dyktig arbeidsgruppe med kunnskapsrike og erfarne medlemmer frå fem organisasjonar. Vi skal stimulera til meir forskingsbasert innovasjon for større verdiskaping og konkurransekraft i bedriftene innan dei prioriterte innsatsområda energi, mat og reisliv, og teknologi/IKT. Dette er feltarbeid! Vi får delta i og fasilitere nye satsingar og samarbeid i verksemdene i fylket. Sjå facebook.com/vrisfj

I tillegg jobbar eg mykje som sekretær for IT-forum Sogn og Fjordane,  eit spleiselag mellom offentlege og private verksemder og FoU-miljø som i over 20 år med samarbeid om IKT-baserte prosjekt og tenester.  IT-forum startar opp, samordnar og driv fram viktige utviklingsaktivitetar:

– breibandutbygging
– digitalt entreprenørskap
– digital forvaltning
– e-helse og velferdsteknologi
– opplæring og utdanning

Privat er status og interesser mykje som før. Eg trivast godt i Sogn, trass ein heller grå sommar. Sist helg vart det ein tur på Molden. Her er det flott!

IMG_0672

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget