Plutseleg var snø og julesteming her. Eit par dagar i veka etter jobb og i helgar må det bli bortoverski og nedoverski i skianlegga i Sogn no. Som oftast Hodlekve. Nytt av året er at puddersnø og eit par toppturar skal nytast med Randonee-utstyr. Kveldsøkt i -10, 07.12
Eit vellukka oppvektseminar i regi IT-forum skulenettverk (takk til Norfjord) veka før der 100 frå barnehage, skule, vgs og HiSF/VF var samla, innheld rikeleg med julemat og lunsj (og spa). Det er julebordsesong. No må forbrenninga aukast.
Det var godt gjort å få gjennomført meir eller mindre på dugnad ein halvparten so stor konferanse som IT-forum sin årlege konferanse. I 2011 var over 200 i Balestrand.
På Vestlandsforsking har eg fleire spanande prosjekt i gong og på gong. Eg er glad for at eg fekk koordinere skattefunnsøknaden vi lukkast med å få på gjennom. Det er viktig for oss å få utvikle nye forskingstenester gjennom nybrotsarbeid og stort løft innan semnatiske teknologiar der vi nasjonalt har spisskompetanse.
Elles driv eg mangesysleri og får arbeid med avstandsreduserande kommunikasjon, inkluderande arbeidsliv for SMB, Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane, breibandsatsing i Hordaland og ikkje minst endeleg VRI Kompetansemekling att (etter ein byråkratisk dvale-periode). Kanskje får eg bidra på ei spennande skulesatsing i Nordfjord i eit skattefunnprosjekt bedrifta Oppad har fått nyleg og.
Tidlegare i haust var jakt og friluftsliv god helgeaktivitet når Sogndal ikkje spelte kamp. Først glimt frå supportersteming 2011. Få reiste jamnt, men steminga var god:
Så friluftsliv 2011: