Eg legg meg flat og innrømmer at denne bloggen har fått alt lite omtanke og nytt innhald. Dette skuldast i stor grad auka bruk av andre sosiale media.
Eg har rett nok vevlogga i 2015, men det er på nettsida til fotballklubben eg heiar på.
På Vestlandsforsking har eg som oppdragsforskar hatt det travelt, heldigvis. Mykje av mi tid går til å jobbe for to prosjekt som inngår i Forskingsrådet sitt regionale næringsuviklingsprogramm (VRI). Forskingsprosjektet «Regionale utfordringar og mulegheiter – Innovasjon og verdiskaping i forretningsnettverk – VRI 3» er eit spennande samarbeid med fleire forskingsmiljø. Vårt bidrag her bygger vidare på resultat og erfaringar vi gjorde i 2011-2013 med vår forsking på nettverk i Sogn og Fjordane, men no ser vi nøyare på maritime nettverk.
Samstundes er eg prosjektleiar for «Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane – VRI 2014 – 2016». Her får eg leia og delta aktivt i ei dyktig arbeidsgruppe med kunnskapsrike og erfarne medlemmer frå fem organisasjonar. Vi skal stimulera til meir forskingsbasert innovasjon for større verdiskaping og konkurransekraft i bedriftene innan dei prioriterte innsatsområda energi, mat og reisliv, og teknologi/IKT. Dette er feltarbeid! Vi får delta i og fasilitere nye satsingar og samarbeid i verksemdene i fylket. Sjå facebook.com/vrisfj
I tillegg jobbar eg mykje som sekretær for IT-forum Sogn og Fjordane, eit spleiselag mellom offentlege og private verksemder og FoU-miljø som i over 20 år med samarbeid om IKT-baserte prosjekt og tenester. IT-forum startar opp, samordnar og driv fram viktige utviklingsaktivitetar:
– breibandutbygging
– digitalt entreprenørskap
– digital forvaltning
– e-helse og velferdsteknologi
– opplæring og utdanning
Privat er status og interesser mykje som før. Eg trivast godt i Sogn, trass ein heller grå sommar. Sist helg vart det ein tur på Molden. Her er det flott!