Førsteinntrykksrapport etter eit par kveldsøkter:
– Ipad er lettbrukt for meg som alt har ipod touch (slag mot opa dør).
– Eg har berre bestilt klassikarbøker til iBooks og eit program til kr 0 for uttesting. Saknar sterkt å finne faglitteratur. Fagbøker og paper må vere hovudargument (i tillegg til enno betre Itunes U) som rettferdiggjere innkjøp til oss akademikarar.
– Ipad er for tung fysisk enno, men mykje elles er bra. Batteriet må ladast ein del.
– Perfekt til å besøkje nettsider, lese nettaviser etc.
– Itunes University med sjølv gode Stanfordføredrag hadde utydeleg tavletekst og videokanontekst. Skuffande mykje lyd utan bilde på profilerte Stanfordføredrag. Men innhald på Itunes U er veldig bra! Ekstern ipad-høgtalarlyd er sånn passe og bør bli betre.
– Hovudankepunkt er mangel på innhald: Har enno ikkje funne litteratur relevant for prosjekta/itgruppa. Mykje enkel it programmering for iOS og dummies ting-og-tang.
– Mononopol på ipad var artig (ein vinnar på spel, men det tema passar ikkje her)
– Det vart brukartestlesing av nokre sider Sun Tzu-art of war til slutt. 🙂 Gledeleg oppleving utan ubehag for auga. Bokkjensla var nesten der.
– Om ein versjon eller to kjem underteikna uansett til å skaffe tavle privat om ikkje arbeidgjevar vert overtydd om nytten.
…
Det er naturleg at vi som jobbar innanfor feltet informasjonteknologi på Vestlandsforsking prøver ut nye trendar når vi kan. Difor har vi no eit par typar lesebrett på huset til evaluering. Ipad og Kindle (Amazon). Vi skulle kanskje og testa ein Galaxy Tablet.