LeWeb10 imponerer og inspirerer, men…

På vårparten var eg so heldig å få vitje San Francisco på studietur. Sjå oppsummeringa. Då vitja vi mange spannande bedrifter og organisasjonar. Mellom anna Seesmic der Loic Le Meur viste oss nyskaping og driv og entreprenørånda i området. Det likte eg betre enn sjølv visitten på 1 Infinite Loop (det store eplet).

Nett no følgjer eg og fleire med på eit arrangement i Paris som same mannen står bak: LeWeb. I eigne auge: «The #1 European Internet event, where 2500 entrepreneurs, leaders, investors, bloggers, journalists will gather together for 2 days in Paris». Sidan det no er på topp som twittertema stemmer dette truleg.

Opptil 1500 andre føl dei same foredraga direkte på nett som eg, eller i opptak, og det fungerer godt. Marknadsføringa har vore jungeltelegraf.  Det er rett og slett ein suksess bygd på ein god ide, eit godt driv og dei rette kontaktane.

Dette er profesjonelt, men det ser likevel enkelt ut! Gledeleg nok kan vi  lære dei eit og anna. I Sogn og Fjordane har vi det siste året jobba hardt saman om prosjektet ”Kunnskap kryssar grenser”- www.kxg.no (NRK SFj-omtale). Prosjektet har utarbeida oversikt over utstyr og programvare og prøvd ut både kjøpt og open kjeldekode til nettoverføring av møte, seminar og kurs. Vi har vist breidda i utval av løysingar. Det treng ikkje alltid vere avansert. Høgdepunktet var ein IT-forumkonferanse med tre kamera i sving, der presentasjonane vart viste i parallelle vindauge ved sida av talaren.

Infrastrukturen er på plass. Det er haldningar og brukartersklar som må overvinnast. Det vi vil med prosjektet er å endre tilgong til kunnskap, auke tilgong til nettverk og ikkje minst redusere behovet for å reise. Her i fylket ser og kjenner vi behovet i enno sterkare grad enn samarbeidspartnarar i storbyområde. Vi trur det lukkast.

LeWeb10 baserer seg på eitt kamera i år og opplevinga vert då ikkje den same. Neste år har dei lært meir. Kanskje av oss?

Reklame

About heimset

Senior Resarcher at WNRI/Vestlandsforsking Orcid: https://orcid.org/0000-0003-3515-6809 Leiar i Saftkokaradn, supporterklubben til Sogndal Fotball og Sogndal Fotballklubb Damer. Leiar i Tekna Sogn og Fjordane avdeling. Styremedlem i Sogndal Fotball og Fjordkonferansen. Administrasjonsmedlem for nettverket IT-Forum Vest
Dette innlegget vart posta under jobb, Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.