BETT2011: Det beste av IT for skuleverket – og for heimane?

Verdens største årvisse digitale messe for skuleverket er BETT i London. Midt i veke 2 i januar søkte eg -på andre året- og likesinna etter ny teknologi, nettverk og beste/betre praksis. Skandinaviske land er særs godt representert. Vi snakkar om tusen norske og enno fleire svenske og danske. IT-forum si skulegruppe deltok i fjor . Fylkessatsinga på eit felles verktøy (LMS) for skulane i regi IT-forum er no avslutta. Det var difor stort sett på eige initiativ at eit titals personar frå fylket deltok. Vi var både digitale innovatørar (vgs), fylkesbyråkratar,  næringsdrivande og forsking (underteikna).

BETT2011

BETT2011

Du tenkjer ”konferanseturisme”? Det må du gjerne. Mindre reising og meir digital nettverking satsar Vestlandsforsking mfl hardt på med grønare kunnskapsoverføring – www.kxg.no. Og potensialet for streaming i skuleverket er stort. Men eg ser verdi og nytte i at skulefolket fysisk ivrar rundt etter og prøver nye verktøy og at dei norske nye og etablerte bedriftene (td. Fronter og Creasa) og kompetansemiljøa elles gjer seg synlege. Besøket kunne med hell vore sett enno meir i system i grupper for å målrette effekten. (Slik Innovasjon Norge gjorde for fylkesdelegasjonen i nyskapingsnavet San Francisco.) Utan ei fylkesworkshop-ramme vert det truleg BETT2012 utan meg.

Aktørane viste som venta fram siste nytt. Elektroniske tavler var størst i fjor og i tommar større i år. Men modnare 3D var siste nytt, samt at læring skal vere ein leik på no særs vaksne skjermar med profesjonell integrasjon i undervisninga av innkjøpte nyhendeklipp frå same dag og småfagfilmar på 3-5 minutt.  Interaksjon og tilrettelegging for ulike aldersgrupper er sjølvsagt.

Viktige guruar slo inn opne dører om kompetansegap av typen ”i skulen er det fortsatt mykje «uutnytta potensial» i korleis unge nyttar teknologi”. Men det ER sant, er det ikkje? Papyrus er ut og bok 2.0 er bra og skulane har LMS og heimeside. Men kunden ventar meir. For  elevar og foreldre har meir heime og i stadig bruk på mobilen (unnskyld – ipod-/android-en). Fleire av dei aller største selskapa glimra med sitt fråver. MS og Adobe var der. Men kvar vart Google, Facebook, twitter, Apple av?

Heldigvis hadde teknologi for elevovervaking og kontroll mindre plass i år enn i 2010. Neste år ventar eg ein nettbretteksplosjon.

Teknikkutviklinga frå i fjor til i år kunne vore større, men dei eg spurte sa dei både lærte og fann gull. Høgdepunktet for eigen del var iNet om nettverk for å dele beste praksis. OG ikkje minst verktøy for dialog mellom skule og heim som eg såg særskilt etter. Døme. For på norsk tweetup (uformell twitternerdsamling) dukka det opp ein ung norsk grunder med nystarta selskap og satsing på denne utfordringa. OG han bad meg helse to eg kjenner her frå Campus Fosshaugane. Den eine er grunder og var først ute i mørket på NRK-sjekkekanalen. Nettverk gjer verda mindre. Men kanskje gjeld det enno å vere fysisk til stades og å vere frampå.

Advertisements

About heimset

Resarcher at WNRI/Vestlandsforsking
Dette innlegget vart posta under jobb, Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to BETT2011: Det beste av IT for skuleverket – og for heimane?

  1. seo seier:

    This design is wicked! You most certainly know how to keep a reader entertained.
    Between your wit and your videos, I was almost moved to start my own
    blog (well, almost…HaHa!) Excellent job. I really
    loved what you had to say, and more than that, how you presented it.
    Too cool!

  2. Alexandre Ber seier:

    I am no longer certain the place you’re getting your
    information, but great topic. I needs to spend some time finding out much more or figuring out more.
    Thanks for fantastic info I was looking for this information for my mission.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s