Mobilen.no har nyleg testa navigasjonhjelp til usikre førarar (27.mai). Underteikna har testvinnaren og har avsvergja det gamle papirkartet, fordi han ikkje reknar seg som best på å orientere kartet og sondere terrenget under køyring. Behovet for elektronisk støtte vart stort nok til at innkjøpsprosessen blei gjennomført tidleg i 2010.
Første sondering var kring ei eiga navigatoreining, men med ønska spesifikasjonar (minimum fotoboksinformasjon og skiltoversikt/fartsalarm mm.) so vart alternativa dyre. Alt som freista kosta typisk kr 2500-3500. Det var mykje difor prosessen ikkje var starta før 2010. Men og fordi eit alt høgt tal på dupedittar eksisterte og forventa ekstra «draks» på tur ikkje freista.
Men so fann eg ut litt tilfeldig at ein tomtom-haldar (med GPS) som kan stå fast i bilen kunne kombinerast med ein ipod touch eg likevel hadde liggande til å bli ein fullverdig navigator. Og prisen vart då berre ca 1000. Enkel nedlasting og oppdatering av kart via itunes eit par gongar årleg via pc trekkjer og i rett retning. Dette utløyste kjøpet.
I eit år har eg funne fram dit eg har tenkt. Og etter kvart fekk eg justert vekk «milde formaningar om å snu» og fartsalarmar ved 5 km over åtti. Ikkje so reint skjeldan veit du om snarvegar navigatorhjelpa ikkje har inne. Då er det ok at den etter ei periode med stille protest faktis ser lyset og kalkulerer den rette veg. Det er kjekt å sjå når du er framme i tid.
Bilnavigasjon er difor enno ei veiledning og ikkje eit påbod om køyreretning. Underteikna opplevde sjølv ekstremsport på ein Spania-tur med lånt bil med eiga navigator-eining. Midt i ein travel by fekk vi gjerne beskjed om å ta til høgre opp ei gågate eller mot einvegskøyring. Og på vekesturen mellom Gibraltar og Barcelona var det MANGE vegar og rundkøyringar under bygging som ikkje enno var på karta. Men vi fant fram og Spania vant i fotball so alt var topp. Lokal har vogntog teke seg fram på den smale sti mellom Årdal og Turtagrø med navigatorstøtte, men DET er ikkje å anbefale. Trass desse døma vart det investert i tomtom Vest-Europa.
I Tyskland på ein Cebit (ikt-teknologi)-konferanse hjalp ein navigator følget med å finne ledig parkeringplass i p-hus nærmast der vi skulle. Køoversikter og anlegssarbeid kunne og omgåast. Slikt er nyttig! Men diverre ikkje klart for Norge, fleire år seinare.