
«Det er eit liv etter 50 og» konstaterer eg i år frå hjørnet på B-blokka Ulvahaugen 10.
Eg må takke alle som bidrog til at 50-årslaget vart ei strålande markering. Folk strøymde jo til og eg fekk ein uforgløymeleg middag og kveld på Malin restaurant med venner i januar!
På Vestlandsforsking er det framleis godt miljø og arbeid. Campus Sogndal utviklar seg, og eg ser alt fram til å bytte ut noko gamle kontor med eit nytt i 2025-standard neste haust. Sjølv om utsikta mi no er strålande. Vi kjempar om nye prosjekt, men det er normalt.
Privat fekk eg i år og også attval som styreleiar i Saftkokaradn og i lokallaget Tekna Sogn og Fjordane.
Supporterklubben Saftkokaradn har no nådd vårt mål om over 150 betalande medlemar, så vi får justere måla snart. Eg gledar eg meg over at vi har lukkast på tribuna vår å tiltrekke dei unge og få dei med. Vi fekk også i år sjå herrane på tabelltoppen i Obos før 17.mai. So får vi no sjå resten av sesongen no då. Det vart ein tung periode no etter det. Jentene gjer det so langt skapeleg i 2.divisjonsavdelinga si.
Eg tykkjer det er kjekt at lokallaget til Tekna SFj veks stadig og nærmar seg 700. Og ikkje minst at det er jubileumsår både for oss i lokalavdelinga og for Tekna nasjonalt.
Eg fekk og attval til min andre periode som styremedlem i Sogndal Fotball. Det har stadig vore utfordrande, men eg meiner vi har fått til utvikling og har teke tak. Ny DL tek til i august, men dei tilsette er erfarne og vår konstituerte har lagt ned ein strålande innsats. Samanhengen mellom sportslege resultat og økonomi er som før sterk. Spelarsal og vidaresal, sponsormarknad og tv-inntekter betyr økonomisk mest, men aktive tribuner og godt spel påverkar dei tre faktorane vesentleg. Norsk fotball er nasjonalt ok, om enn ikkje økonomisk utover dei som har inntekter frå Europeiske turneringar.
Den fysiske formen fekk i fjor haust ein knekk då eit kne svikta etter ein dagstur i fjellheimen i august. Sidan gjekk det 7 månader før eg fekk god nok spesialist-hjelp av helsevesenet. Sidan har det vore styrketrening og berre småtteri av gåturar. Så privat er nok fotball-karriera lagt på hylla. Hyen har uansett plenty av unge og gode spelarar no. Like greitt.
Det norske landslaget svikta i kvalifisering igjen. Eg var til Skottland då det vart avgjort. Men eg skal i haust på nye eventyr til Austerrike og Slovakia på tur.
Somarplanen er ellers kortreiste turar i Sogn pluss fiskeferie med familie. Ein konsert eller to vil det og bli.
God somar!














